Hopp til innhold
Støtt oss

Vervekampanje


Skrevet av: Volda/Ørsta / Publisert: 18.05.2022 / Oppdatert: 18.05.2022


Ver med på NRF Møre og Romsdal fylkeslag sin vervekampanje

Kjære medlem

NRF Møre og Romsdal fylkeslag har som mål å verve 150 medlemmar i 2022. Vi håpar at du vil vere ein ambassadør for alle dei gode aktivitetane som organisasjonen vår har og kan bidra i kampanjen med å auke talet på medlemmar i ditt lokallag. Fylkesstyret har sett opp flotte vervepremiar som blir trekt ut blant alle som har verva nye medlemmar iløpet av året.

Alle som vervar blir med i trekninga av to hovudgevinstar:

  • Scandic Hotel Alexandra Molde, 1 overnatting for to i dobbeltrom m/frukost

 

  • Scandic Parken Hotel Ålesund, 1 overnatting for to i dobbeltrom m/frukost

 

  • Vi trekke fem trøstepremiar

 

Vervar du fem medlemmer eller fleire – så blir det ei ekstra trekning av:

  • Tre gåvekort à kr 500

 

Korleis kan du verve?

Du kan ta direktekontakt med potensielle medlemmar.

Du kan verve ein husstandmedlem.

Du kan kontakte medlemmer som har gløymt å betale.

Du kan invitere med folk du kjenner til møte, konferanse i Molde 28. oktober, turgrupper i lokallaga, bassengtrening, tur til Alfaz Oasis/Reuma-Sol med avreise 15. september 2022.

 

Å vere medlem i Norsk Revmatikerforbund medfører ingen plikter. Men det gir rettar, mulegheiter, og medlemsfordelar på aktivitetar. Ingen nye medlemmar må ta på seg tillitsverv om ein ikkje ønskjer det. Derimot så har medlemmar høve til både å påverke organisasjonen ved å delta i eige lokallag, fylke og nasjonalt. Dette bør være gode argument når vi skal verve nye medlemmer. Medlemmar får høve til å møte andre engasjerte medlemmar. Du kan lese meir om medlemsskap her: www.revmatiker.no

Hovudmedlem: Kr. 495,-

Barne- og ungdomsmedlemskap BURG (0-25 år): Kr. 250,-

Husstandsmedlem: Kr. 200,-

 

Viktig! Meld inn til Fylkessekretær når du vervar for å bli med i konkurransen!