Hopp til innhold
Forside / Ditt lokallag / Møre og Romsdal / Volda/Ørsta Revmatikerforening
Støtt oss

Volda/Ørsta Revmatikerforening

Volda/Ørsta Revmatikerforening vart stifta i 1975, og vi har 355 medlemmar.

Her vil du finne informasjon om vår forening og dei ulike tilbuda vi har til våre medlemmar.

I vår forening kan vi tilby mange ulike aktiviteter, gå inn og les meir, eller ta kontakt med ein av oss i styret.

Sosiale medier: Facebook

Se hva vi kan tilby

Aktivitetane i varmtvassbassenget startar opp torsdag 29. august 2024.

Hugs at du bør samle alle tinga dine i veske. Hugs også ytterklær, slik at alt er på ein plass.

Vi har ledig plass på nokre av gruppene, ta kontakt med instruktør for påmelding.

Inndelinga på gruppene/timane våren 2024 blir slik:

Måndag

Instruktør: Sissel E. Håskjold (907 09 519)

kl.10.45-11.45 (Fullt)

Instruktør: Kari Sømme (477 09 565)

kl.11.45-12.45 (Fullt)

kl.12.45-13.45 (Fullt)

Instruktør: 

kl.18.00-19.00

kl.19.00-20.00

kl.20.00-21.00

Onsdag

Instruktør: Janne Hestholm (951 40 722)

kl.19.00-20.00

kl.20.00-21.00

Torsdag

Instruktør: 

kl.16.00-17.00 (Fullt)

kl.17.00-18.00

kl.18.00-19.00

kl.19.00-20.00

* 1 gang pr veke. Medlem: kr.1000.-. Ikkje medlem: kr 1600.-

* 2 gangar pr veke. Medlem: kr.1300.-. Ikkje medlem: kr. 1900.-

* 3 gangar pr veke. Medlem: kr. 1700,-. Ikkje medlem: kr. 2300,-

Prisane er pr. halvår.

Instruktørtimen varer i 60 min, dette er med tid i garderoben. Giro kjem på e-post til dei som har det, andre får det i post.

Familiebadinga er laurdagar med gruppe kl. 11.00 og kl. 12.00

Prisar familiebadinga pr halvår:

Familiepris: kr. 1800.-, 1 voksen og eit barn kr.1200.-

Påmelding til mobil: 913 85 956 (Karen)

Burg bading: gratis  Fredagar 16:00-17:00

Offentleg bading

* Måndag 21:00-22:00

* Fredag 19:15-20:15

Vaksne pr gong kr.120.-. Klippekort 10 gongar kr.1000,00

Alle må dusje før og etter bading og bruke badehette!

Bassengkontakt: 

Sissel Egset Håskjold

Tlf. 907 09 519

Saltrimmen på Vikemarka skule startar opp torsdag 29. august 2024

Vi held fram med trening i gymsalen på Vikemarka skule torsdagar kl.19:00-20:30. 

Vi har starta eit samarbeid med LHL Volda/Ørsta og har leigd inn fysioterapeut Kaja Remmen til instruktør.

Ps! Du må ikkje vere medlem for å delta. Vi fokuserer på at trening som medisin skal være komfortabelt og gøy. Likeperson frå foreininga er med.

Kom og prøv då vel.

medlem: kr. 1200.-

ikkje medlem: kr. 1500.-

Prisen er pr halvår:

Haust til jul og nyttår til sommar.

Turgruppa «Knirk og Knak»  

Vi held fram med turar annakvar onsdag (partalsveke) Første turdag er onsdag 21. august.

Oppmøte kl. 11.00 ved Rema 1000 på Ose i Ørsta, for samkjøring til dagens turmål, som blir delt på Turgruppa Knirk og Knak. Vi brukar å ha ei lita matpause så ta gjerne med mat og drikke.

Om de har lyst kan de gå tur ilag med turgruppa til LHL Volda/Ørsta. Kvar måndag ettermiddag er det tur. Klokkeslett og turmål finn de på fb til LHL Volda/Ørsta, som også blir delt på turgruppa knirk og knak.

Det er oppretta ei eiga Facebook-gruppe der ein finn meir informasjon. Gå inn på facebook på Turgruppa «knirk og knak» og be om å verte medlem der.

Open dag på Lagslokalet startar opp torsdag 22. august

Kvar torsdag mellom kl. 11.00 og 13:30 er det ope hus på lagslokala. Her er det kaffi med litt å bite i og sosialt samvære, med ein koseleg prat rundt bordet. Som før kan du få parafinvoksbehandling på hendene dine. Dette er eit velværetilbod med litt handtrening. Voksmaskina er i drift kvar torsdag, og dette er eit tilbod som er gratis for medlemar i vår foreining og som kostar kr. 30.- pr. behandling  for dei som ikkje er medlem. Oftast er det også ein likeperson til stades desse dagane. Berre å stikke innom om du har lyst til det.

Strikkekaféen 

Strikkekafeen held fram som før. Første tysdagen i kvar månad møtast vi på lagslokala frå kl. 18:00 til ca. kl. 21:00. Vi har ofte besøk av ulike strikke/handarbeidsbutikkar, men av og til vert det berre å treffast og kose seg med handarbeid i lag.

Som all anna aktivitet vi har i foreininga er dette ope for alle. Det vert enkel servering (gratis) og det vert åresal (lotteri).

Ope møte 

Siste tysdagen i kvar månad kl.19:00.

Sidan vi no har større plass vil dei fleste møta vere på lagslokalet vårt.

Det kjem alltid annonse i lokalavisene på fredag  før desse møta. Som vanleg vert det god mat og åresal (lotteri) desse kveldane

Likeperson tilstades en time før møtet startar.

Foreininga har diverse utstyr/hjelpemiddel som medlemane våre kan få låne, som regel for 3 månader i gangen. Dette er pr. i dag trimsyklar, massasjeballar, «Drillo maskiner» (aukar blodsirkulasjonen i føtene), tensapparat, twisterbrett, ballansebrett, strekk og powersykkel. Ta kontakt om du vil prøve/låne noko.

Reuma-Sol kontakt for NRF Møre og Romsdal fylkeslag:

Heidi Reistad

Tlf. 400 38 900

Last inn flere

Kontakt oss

E-post:
Send e-post

Postadresse
Postboks 290
6151 Ørsta

Besøksadresse
Heggjadalen 2 C

 

 

 

Det skjer

Få oversikt over alle kurs og aktiviteter i Møre og Romsdal

Aktivitetskalender

Kontakt oss

Postboks 290, 6151 Ørsta
Leder: Sissel Egset Håskjold
Tlf: 97 30 52 78 (til foreininga) 90 70 95 19 (til leiaren)
voldaorsta@1revmatiker.no

Likepersoner

Ann-Elin Brekke
977 70 649
ann.brekke@tussa.com

Sissel Egset Håskjold
907 09 519
sissel@haskjold.no

Svanhild Vist
967 43 611
svanhild.64@gmail.com

Anne Britt Follestad
917 48 701
stig.follestad@tussa.com

Halldis Sivertsen
993 42 975
halldis.sivertsen@gmail.com

Britt-Marit Engeset
977 32 410
br-menge@online.no

Styret

Leiar
Sissel Egset Håskjold
907 09 519
sissel@haskjold.no

Nestleiar
Ann-Elin Brekke
977 70 649
ann.brekke@tussa.com

Sekretær
Ann-Elin Brekke
977 70 649
ann.brekke@tussa.com

Kasserar
Ellen Karin Egset
958 82 160
kasserar@1revmatiker.no

Studieleiar
Aase Gerd Aarsnes
915 54 131
aasegerd@gmail.com

Styremedlem
Anne Britt Follestad
917 48 701
stig.follestad@tussa.com

Styremedlem
Birte Oline Ytrestøyl
911 87 586
birteogbjorn@gmail.com

Styremedlem
Halldis Sivertsen
993 42 975
halldis.sivertsen@gmail.com

Logg inn